Olsokstemnet 2012
Markane skyttarlag ynskjer velkomen til Olsokstemnet tor.26. - søn.29. juli!
Meir info kjem.


Olsokstemnet 2011
Markane skyttarlag ynskjer velkomen til Olsokstemnet 21. - 24. juli! Skytinga startar torsdag kl 18.00, fredag kl 17.00, laurdag kl 10.00 og søndag kl 11.00. Arrangøren skyt onsdag. Førehandspåmelding på www.skytestevne.no frå 1. juli til 19. juli, og på telefon 909 79 336 onsdag 20. juli kl. 21.00 - 22.00.


Olsokstemnet 2010
Bjarne Muri, Oslo Østre, vann sitt andre Olsokstemne med 391 poeng på 40-skoten. På dei neste plassane kom Reidun Kristin Knapstad, Elverum, og Ole Arild Aa, Hyen begge med 389 poeng og sølvmedaljer.
Bjarne Muri vann også Einar Øen´s minnepremie på den spesielle Olsokskytinga med 148 poeng, eitt poeng føre Anita Lystad frå Hovdebygda og Ørsta.
Hyen tok ein ny siger i lagskytinga om Olsokpokalen med 428 poeng, 2 poeng føre Sunnylven.  

På 100 meteren vann Jørgen Skivenesvåg frå Hyllestad klasse junior med 350 poeng. I klasse eldre rekrutt vart det siger til Tor Øystein Hoddevik, Syvde, føre Trygve Aaland Tryggestad, Sunnylven, begge med 350 poeng. I klasse rekrutt vann Regine Nesheim frå Eidsbygda med 349 poeng.

I veteranklassane vart det siger til Svein Hoem frå Stryn i kl V55 med 388 poeng. I klasse V65 vart Bård Øye frå Sunnylven best med 350 poeng. Harald Stormyr frå Rakvåg var bestemann i kl V73, også han med 350 poeng. Det deltok 218 skyttarar på stemnet.
Stemneoppgjer pr skyttarlag (ligg alfabetisk)


Olsokstemnet 2009
Bernt Tore Inderøy frå Hyllestad vann årets Olsokstemne. Med serien 50-48-49-99-146 slutta Inderøy på 392 poeng, På sølvplass kom Ole Magnus Bakken frå Løiten med 390 poeng. Siste medalje kl 3-5 gjekk til Ivar Fivelstad frå Sunnylven med 389 poeng. 
Bernt Tore Inderøy vann også Einar Øen’s minnepremie på Olsokskytinga med 146  p.
I kl V55 vann Svein Hoem, Stryn, 389 poeng. 
100 meterskaut Håkon Sætre frå Haugen  i klasse eldre rekrutt fullt hus med 350 poeng. Fullt hus hadde også Erling Haugland frå Fana i klasse V65.
Hyen vann lagskytinga om Olsokpokalen med 426 poeng, 3 poeng føre Engesetdal/Skodje.
Det deltok 241 skyttarar på stemnet.

 


Olsokstemnet 80 år
Det første Olsokstemnet på Sindre gjekk i 1929, og har såleis 80-års jubileum i år. Vi har sett litt på resultata dei første 80 åra, og finn at Ole Arild Aa frå Hyen kan kallast Olsokkongen. Han har flest individuelle sigrar på 40-skoten saman med Ove Sunde frå Dale, 4 på kvar av dei.
Ole Arild tronar åleine på toppen i den spesielle 15-skots Olsokskytinga med 5 sigrar føre Kristian Djuvsland som har 3 sigrar. På lagskytinga har Hyen vunne flest gongar, 11 i talet. Stryn har 8 sigrar, Indre Gloppen 7.
Ole Arild Aa har også banerekorden på 200m med 397 poeng, Hyen har rekord på lagskytinga med 439 poeng. På den spesielle Olsokskytinga har Karl Tore Gjengstø frå Aalesund rekorden med fullt hus, 150 poeng.


Olsokstemnet 2008 - fantastisk skyting av Aa
Ole Arild Aa frå Hyen gjekk til topps på årets Olsokstemne med fantastisk skyting. Med serien 50-50-50-100-147 slutta Aa på 397 poeng, som er 3 poeng over den tidlegare banerekorden til Arnfinn Bakkevoll. På sølvplass kom Ole Magnus Bakken frå Løiten med 393 poeng, som er det tredje beste resultatet på Olsokstemnet nokon gong. Siste medalje gjekk til Dick Brevik frå Engesetdal/Skodje med 390 poeng.
 

Ole Arild Aa vann også Einar Øen’s minne-premie på Olsokskytinga med 147 poeng.

På 100 meter skaut Rikke Rise Hallset frå Ålfoten og Eline Tovseth Vatne frå Søndre Odalen 350 poeng i klasse eldre rekrutt.

 

Hyen vann lagskytinga om Olsokpokalen med 429 poeng, ein innertiar føre Fana (429 p). Det deltok 252 skyttarar på stemnet, som er høgste deltakartal sidan 1997.
 
Premielister skyttarlag  - ligg alfabetisk ei side per lag (pdf)
Presseliste  - kortversjon meisterskap og 25-skot (pdf)


Olsokstemnet 2007
Ole Arild Aa (t.h) frå Hyen gjekk til topps på Olsokstemnet med 391 poeng. Han vart rangert føre Eivind Rørhuus-Øie frå Oslo Østre. Tor Gaute Jøingsli frå Lom og Skjåk vart nr.3 med 390 poeng. 
Bertel Oddne Mjellem (t.v) frå Hyen vann den spesielle Olsokskytinga med 149 poeng, føre Tor Gaute Jøingsli med 148 poeng.
Svein Hoem frå Stryn vann klasse V55 med 391 poeng.
På 100-meteren skaut fire av klassevinnarane maksimale 350 poeng. Det var junioren Eirik Folldal frå Hovdebygda og Ørsta, Håkon Sætre frå Haugen i klasse rekrutt, Lars Haugnes frå Florø i eldre rekrutt og Peder Holme frå Hyen i klasse V65.  Fleire bileter på "Billedalbum".


Olskokstemnet 2006
Bertel Oddne Mjellem frå Hyen gjekk til topps på årets Olsokstemne med 390 poeng. Han vann på rangering føre Svein Kåre Furrre frå Leikanger. Mjellem vann også Sparebank-pokalen, som går til beste skyttar perioden 2002-2006.
Olsokskytinga vart vunne av Rolf Henning Hide frå Sundnes med 146 poeng.
På 100 m vann Elisabeth Skudalsnes frå Gaular klasse junior med 350 poeng, same poengsum hadde også Reidun Kristin Knapstad frå Eikefjord. Klasse rekrutt vart vunne av Lars Haugnes frå Florø, eldre rekrutt av Karoline Gram frå Førde.
I veteranklassane gjekk sigrane til Wilfred Kruger frå Sykkylven i V55, Peder Holme frå Hyen i V65 og delt førsteplass mellom John Løken frå Hilde og Brattvåg og Frits Norevik frå Vadheim i V73.  Det deltok 183 skyttarar på Olsokstemnet.
Premieoppgjer per skyttarlag (skriv ut eiga side)


Olsokstemnet 2005

Bjarne Muri frå Fana gjekk til topps på det tradisjonsrike Olsokstemnet i Markane. Han sikra seg sitt første meisterskap og gylt medalje med 391 poeng.

På dei neste plassane kom Nils Holme frå Hyen med 390 poeng og Eirik Reksten frå Nordbygda med 388 poeng. Begge desse fekk sølv medalje.

 Bjarne Muri vann også den spesielle Olsokskytinga med 148 poeng, og fekk med det Einar Øens minnepremie. Her kom Inge R. Fivelstad frå Ålesund og Atle Lotsberg frå Nordbygda, begge med med 146 poeng, på dei neste plassane.

Elisabeth Skudalsnes frå Gaular imponerte stort i klasse Eldre Rekrutt. 350 poeng med 35 innertiarar på dei 35 skota er ein fantastisk prestasjon, og ny rekord for den unge og lovande skyttarjenta.
Tilsaman 225 skyttarar deltok på årets stemne. Resultat finn du her


Olsokstemnet 2004
Erling Melvær frå Florø vart vinnar av Olsokstemnet i Markane, som i år feira 75 års jubileum. Han sikra seg meisterskapet og gylt medalje med 392 poeng.
På dei neste plassane kom Karl Tore Gjengstø frå Ålesund med 391 poeng og Eirik Reksten frå Nordbygda med 390 poeng. Begge desse fekk sølv medalje.
Den spesielle Olsokskytinga vart vunne av Karl Tore Gjengstø frå Ålesund med fantastiske 150 poeng av 150 mulege, og han sikra seg dermed Einar Øens minnepremie. Gjengstø sletta samtidig Ove Sunde sin tidlegare rekord frå 1986 på 149 poeng.
Tilsaman 216 skyttarar deltok på årets jubileumsstemne. Resultat frå stemna her


Terminliste Fjordane
Terminliste 2012

Terminliste Møre
Terminliste 2012