1880 Markane skyttarlag vart stifta 27. desember 1880
1921 Peder Øen nr. 3 på Landskyttarstemnet (LS) bane
1929 Olsokstemnet starta etter ei pengegåve frå norskamerikanaren Andrew B. Grodås, som var oppvaksen i Hornindal. Har vore det største åpne stemnet på Nordvestlandet i mange år. Meir historie om Olsokstemnet på eige menypunkt
1973 Peder Hatlelid feltmedalje på Landskyttarstemnet
1974 Skytebanen ferdig ombygd til 100 m og 300 m, med nye standplassar
1978 Skyttarhuset ferdig innreia
1979 Storflaum førte til store skader i skytehuset
1981 Meisterskapen på Olsokstemnet vert 40 skot, 25 skot+15 skot Olsokskyting
1982 Hallvard Sindre (1889-1981) sin minnemedalje innført til dei 3 beste laga på Olsokskytinga
1986 Arne Skrede nr. 2 i NM feltskyting på LS, og kåra som Årets idrettsnamn i Stryn kommue
1987 Den første bilbingoen vart arrangert, etterkvart laget si viktigaste inntekskjelde
1988 Laget kjøpte si første datamaskin for kr.16.240
1991 Andreas Solvik nr. 6 på Norgescupstemne baneskyting
1992 Inger Marie Svingeset første kvinne i styret
1996 Laget kjøpte 4 elektroniske skiver på 200 m
2002 Laget fullførte investeringar med elektroniske skiver, og har no 6 på 100 m og 10 på 200 m
2003 Markane arrangerte Norgescup baneskyting med 585 deltakarar
2003 Jarle Tvinnereim valgt inn i Norges Skytterstyre
2004 Jarle Tvinnereim feltmedalje på Landskyttarstemnet
2005 Jarle Tvinnereim nr. 42 samanlagt på Norgescup baneskyting (sølvbeger)
2008 Jarle Tvinnereim banemedalje på Landskyttarstemnet
2009 Jarle Tvinnereim valgt som visepresident i Det Frivillige Skyttervesen